Nrk – Nyhende frå Vestland

  • Person slått i ansiktet på Torgallmenningen
    den november 6, 2026 kl 16:25

    Ein person vart fredag kveld slått i ansiktet utan foranledning på Torgallmenningen i Bergen. Den mistenkte skal ha gått frå staden saman med ein annan person etter valdshendinga. – Vi har kontroll på dei involverte, opplyser operasjonsleiar Jan Børge Misje i politiet klokka 17:12. Den mistenkte er ein mann i 40-åra.

  • Bil med stans i Fjøsangerveien
    den november 6, 2026 kl 15:01

    En bil har fått teknisk stans på E39 Fjøsangerveien i Bergen. Bilen står i feltet som går nordover, nord for Mindeveien. Det er bestilt bilberger. Det må påregnes en del trafikale utfordringer som følge av dette, opplyser politiet.

  • Vei åpen etter ulykke på Osterøy
    den november 6, 2026 kl 14:39

    Bruvikvegen på Osterøy er åpen etter en trafikkulykke fredag morgen. Ett kjøretøy var involvert i ulykken. Bilen havnet på taket, og ble liggende midt i veibanen. Føreren av bilen ble fraktet til Haukeland universitetssjukehus. Veien var stengt i over seks timer etter ulykken. Det er ikke mistanke om rus, men fører får førerkortet beslaglagt.

  • Stoppar endringar ved føden på Stord etter protestar
    den november 6, 2026 kl 11:15

    Den føreslåtte endringa til felles avdelingsleiar for føde- og gynekologiske avdelingar ved Haugesund sjukehus og Stord sjukehus blir stoppa. Det skjer etter sterke protestar frå tilsette, politikarar og innbyggarar i heile Sunnhordland. – Forslaget til endring har dessverre skapt uro i regionen både om at fødetilbodet og i forlenginga heile sjukehuset skal svekkast. Omfanget av denne uroa må eg ta på alvor, seier administrerande direktør Anders Hovland. Helse Fonna meiner den føreslåtte endringa ville ha styrka og sikra fødetilbodet ved Stord sjukehus på lang sikt, trass i færre fødslar, demografiske endringar og rekrutteringsutfordringar.

  • Mann pågripen i Spania varetektsfengsla
    den november 6, 2026 kl 10:32

    Mannen i 30-åra som i førre veke blei pågripen i Spania etter etterlysing frå norsk politi er no varetektsfengsla i fire veker. Det kjem fram i ei pressemelding frå politiet. Han er sikta for mellom anna to tilfelle av valdtekt, mishandling i nære relasjonar, brannstifting og skadeverk. Mannen blei frakta frå Spania til Noreg i går.