Gjestebrygge
Saman med den nye båthamna vår kom to bølgjedemparar som også fungerer som gjestebrygge – og me er stolte av å kunne tilby eit triveleg stopp for alle som fer forbi.
Gjestebrygga er vel 40 meter lang, støypt i solid betong og kjennest trygg og stødig under føtene. Her finn du tilkopling for både straum og vatn, og alt ligg til rette for ein god kvilepause – anten du er på gjennomfart eller berre vil nyte utsikta ei stund.
Pris for gjesteplassar (per natt, straum, vatn) er 100, –
Høyheimsvik Båtlag#960599 · HØYHEIMSVIK BÅTLAG
Alle er hjarteleg velkomne! Har du spørsmål, er det berre å spørje.
