Årsmelding 2022

På grunn av sjukdom vart det ikkje halde årsmøte våren 22. Valnemda hadde ein runde der dei kontakta alle som var på val og alle tok attval så drifta av laget har gått som vanleg.

Året i båtlaget har vore som vanleg utan dei store utfordringane. Dugnadsdagane har vorte avvikla med god innsats frå medlemene. Anlegget har fungert slik som det skal. Hamna har vorte mykje brukt både av medlemmer og av besøkande, og vi ser at anlegget er vorte ein mykje brukt badeplass.  I det heile har det vore eit normalt arbeidsår for båtlaget.