Nrk – Nyhende frå Vestland

  • Tobias Sten er «Årets Spellemann»
    den mars 22, 2026 kl 9:00 pm

    22-åringen fra Stord fikk prisen under kveldens utdeling i Operaen. – Jeg reiser rundt, synger og griner og danser i alle bygder i Norge. Jeg skal gjøre dette til jeg dør og håper dere vil høre på meg, sier prisvinneren.

  • Brann møter Aalesund i semifinalen i cupen
    den mars 22, 2026 kl 8:32 pm

    Brann får ein sjeldan heimekamp i cupen når dei tar imot Aalesund på Brann Stadion. Aalesund slo overraskande ut Viking i kvartfilnalen, medan Brann slo ut Tromsdalen. Semifinalen blir spelt 22. april. I det andre oppgjeret får Bodø/Glimt besøk av KFUM Oslo. Brann blei sist cupvinnarar i 2022. Då slo dei Lillestrøm på eit utseld Ullevaal.

  • Vann nyskapande Spellemannpris: – Følast vilt bra!
    den mars 22, 2026 kl 8:05 pm

    Trioen i Building Instrument med «Månen, Armadillo» vann sundag pris i «Åpen klasse». Den bergensbaserte trioen består av Mari Kvien Brunvoll, Åsmund Weltzin og lærdølen Øyvind Hegg-Lunde. – Det følast heilt vilt bra, faktisk. Me har jobba så hardt med denne plata. Me har spelt i lag i 19 år, og det er «ganske kick» å stå her med ein Spellemannpris no, seier Brunvoll til NRK sundag kveld. Kategorien heidrar gründarar innan norsk musikk, musikarar som greier å skapa noko helt nytt. Trioen er takknemlege for å få anerkjenninga. – Det finst musikk for alle folk, og det at alle kategoriar finst der ute, og at alle kan finna noko i seg sjølv og noko der ute, det følast veldig viktig, seier Hegg-Lunde.

  • Bergen filharmoniske orkester vann Spellemannpris
    den mars 22, 2026 kl 7:54 pm

    Tine Thing Helseth og Bergen filharmoniske orkester vann pris i kategorien «Klassisk» for albumet «Echoes». Helseth fortalde i takketalen at albumet har tatt litt lengre tid enn først ønska. – Sånn er det når livet banker på døra, og slår litt frå seg. Helseth har hatt en kreftdiagnose, men er nå tilbake.

  • Spellemannpris til bergenske Iris Caltwait
    den mars 22, 2026 kl 7:50 pm

    Vilde Iris Hartveit Kolltveit vant Spellemannprisen for årets låtskriver. Arna-kvinna, som fekk rosande omtala av NRK sin anmeldar i vinter, er betre kjent under artistnamnet Iris Caltwait, og har tidlgere vunne «Årets urørt» i 2019. Sundag kveld takka ho alle som ho hadde jobba med nokonsinne.