Nrk – Nyhende frå Vestland
- Vann nyskapande Spellemannpris: – Føles vilt bra!den mars 22, 2026 kl 8:05 pm
Trioen i Building Instrument med «Månen, Armadillo» vann sundag pris i «Åpen klasse». Den bergensbaserte trioen består av Mari Kvien Brunvoll, Åsmund Weltzin og lærdølen Øyvind Hegg-Lunde. – Det føles heilt vilt bra, faktisk. Me har jobba så hardt med denne plata. Me har spelt i lag i 19 år, og det er «ganske kick» å stå her med ein Spellemannpris no, seire Brunvoll til NRK sundag kveld. Kategorien heidrar gründarar innan norsk musikk, musikarar som greier å skapa noko helt nytt. Trioen er takknemelege for å få anerkjenninga. – Det finst musikk for alle folk, og det at alle kategoriar finst der ute, og at alle kan finna noko i seg sjølv og noko der ute, det følest veldig viktig, seier Hegg-Lunde.
- Bergen filharmoniske orkester vann Spellemannprisden mars 22, 2026 kl 7:54 pm
Tine Thing Helseth og Bergen filharmoniske orkester vann pris i kategorien «Klassisk» for albumet «Echoes». Helseth fortalde i takketalen at albumet har tatt litt lengre tid enn først ønska. – Sånn er det når livet banker på døra, og slår litt frå seg. Helseth har hatt en kreftdiagnose, men er nå tilbake.
- Spellemannpris til bergenske Iris Caltwaitden mars 22, 2026 kl 7:50 pm
Vilde Iris Hartveit Kolltveit vant Spellemannprisen for årets låtskriver. Arna-kvinna, som fekk rosande omtala av NRK sin anmeldar i vinter, er betre kjent under artistnamnet Iris Caltwait, og har tidlgere vunne «Årets urørt» i 2019. Sundag kveld takka ho alle som ho hadde jobba med nokonsinne.
- Fryktar langtidsskade for Nana Kwame Boakyeden mars 22, 2026 kl 7:11 pm
Alt tyder på at Branns stoppartalent er ute i lang tid. Under kampen mot Tromsø landa stopparyndlingen frå Ghana uheldig og fekk ei vridning i kneet. Han blei liggande på Stadion-graset i store smerter, før han måtte hjelpast av banen. Dei første undersøkingane gjer at legeteamet trur at ghanesaren er ute i lang tid, seier Brann-lege Arne Instebø til NRK. – Han er fortvila. Han blir kasta ut i ei verklegheit han ikkje har opplevd før. Me har indikasjonar på at det er alvorlege skader i kneet, men me får fasiten i morgon.
- Tobias Sten med flest nominasjonar til Spellemannprisenden mars 22, 2026 kl 6:49 pm
Ingen har fleire nominasjonar til kveldens prisutdeling i Operahuset i Oslo enn Tobias Sten. Sten er nominert til årets gjennombrot, årets utgiving, tekstforfattar og årets låt for heile tre låter. Tobias Johannessen Stenersen er frå Stord og fek sitt gjennombrot etter at han i 2024 vann konkurransen «Norges nye countrystjerne», som blei arrangert av Universal Music. 22-åringen havna på Spotify si liste over dei mest strømma artistane i Noreg i fjor. Berre slått av superstjerna Taylor Swift. – Heilt forbanna enormt. Eg er veldig stolt, sa han om å vera årets mest spelte norske artist. Spellemannprisen ser du i NRK TV og på NRK 1 klokka 19.50.



