⚓ Dokk som ein sjef – edru, sjølvsagt!

Har du sett denne? Ein norsk reklamefilm om edru båtliv gjekk for nokre år sidan viralt og har vorte sett over 30 millionar gonger. Det er ikkje så rart – han er morosam, treffande og har eit viktig poeng.
Og poenget er enkelt: Å leggje til kai er ei kunstform. Best utført edru.
I Noreg skjer det kvart år rundt 30 dødsfall knytt til fritidsbåt. Ein stor del av desse involverer alkohol. Det er tal som minner oss om at ein god sommar på sjøen startar med klare hovud og gode avgjerder.
Hos oss i Høyheimsvik Båtlag er du alltid velkomen til å leggje til ved gjestebrygga vår – og me set stor pris på at du kjem edru og klar! 🙂
👇 Sjå videoen her:

God og trygg sommar på sjøen – frå oss i Høyheimsvik Båtlag!